Lov om burettslag (borettslagsloven)
Lova gjeld for burettslag.§ 1-1.Verkeområde. Definisjonar
(1) Lova gjeld for burettslag. Med burettslag er meint eit samvirkeføretak som har til føremål å gi andelseigarane bruksrett til eigen bustad i føretakets eigedom (burett). Burettslag kan også drive verksemd som heng saman med buretten.
(2) Samvirkeføretak som har til hovudføremål å gi andelseigarane bruksrett til fritidsbustad, skal berre reknast som burettslag dersom føretaket er stifta som burettslag.
(3) Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard og kan fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.
Lov om bustadbyggjelag (bustadbyggjelagslova)
Sist endret LOV-2024-06-21-42 fra 01.11.2024§ 1-1.Verkeområde
boligbyggelag, bustadbyggjelag, Lovdata
(1) Lova gjeld for bustadbyggjelag. Med bustadbyggjelag er meint eit samvirkeføretak som har til hovudføremål å skaffe bustader til andelseigarane gjennom burettslag eller på anna vis og å forvalte bustader for andelseigarane.
(2) Aksjeloven og allmennaksjeloven gjeld ikkje for bustadbyggjelag.
(3) Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard og kan fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.
Nyttige lenker
Kategorier:
Stikkord:
